For ein gamal agronom er det ingenting som kan måle seg med lukta av solvarm mold

Flyttesjau

Det er ikkje til å unngå, kvar gong du flyttar må du kaste noko. Og det er smertefullt. Litt avhengig av korleis du er skrudd saman gjer de vondt i hjartet eller i minnet eller i alle fall i armane og i ryggen. Det er jo godt også, men det er helst etterpå.

Vi har fått ny arbeidsplass, og denne gongen tok eg eit val, heller vondt i rygg og armar enn i hjartet. Dermed dukka det opp saker og ting som eg slapp å kaste, i denne runden. Som for eksempel oppsummering av eit mentoroppdrag for ein leiar i moden alder, som hadde behov for å drøfte si stilling i forhold til mange krevjande oppgåver og medarbeidarar.

Vi drøfta mange interessante tema, med skråblikk både på oss sjølve og andre. Som to vaksne kvinner kom vi stadig tilbake til dette spørsmålet: Når blir kvinner usynlege? Er det etter 40 eller når kleda er like grå som hårpryden? Behovet for å farge håret eller gjere som dei gamle tantene: få på seg ein blomstrete kjole før vi blir heilt borte. Som mor mi sa ein gong huset blei fylt med feriefolk og berre nokre få helste på henne. Ho var over 80, lett som ein spøl og klår som krystall:
-Sei meg, er eg blitt heilt usynleg?

Mentor og partnar diskuterte omorganisering:
– Meg sjølv, den einaste eg ikkje blir skikkeleg kvitt…
– Gode hensikter: – Når mine beste sider vender seg mot meg…
– Sjølv gode intensjonar kan overspelast…
– Korleis tolerere sine eigne feil?
– Kor god bør eg eigentleg bli?
– Jobben treng meg, men treng eg jobben?
– Alle vil ha styrken min – kven vil ha resten?

Det skal noko til å få brukt den erfaringa ein har fått med seg i eit langt arbeidsliv, og det er spesielt vanskeleg å gjere det utan å trakke ned dei unge og utolmodige som vil gjere eigne erfaringar og som flyt på ny teknologi og nye idear. Det er også vanskeleg å møte «nye» idear som ikkje er nye, som er prøvd ut før og som gjekk i dass. Då gjeld det å huske tilbake – kor godt eg sjølv likte dei erfarne som faktisk ville høyre på meg, som hadde tips om korleis eg skulle lukkast, og som ikkje køyrte over meg med skepsis og betre vitande… Og kor inderleg eg forakta dei som hadde prøvd alt før, som visste alt mogleg best og hadde mykje erfaring.

– Hjelp – korleis kom eg hit?
– Har det eigentleg skjedd noko på grunn av meg?

 

Facebook Kommentar