For ein gamal agronom er det ingenting som kan måle seg med lukta av solvarm mold

Få dei ut i sola!

Eg må innrømme at som jentunge var eg veldig redd for troll. Og eventyr om troll. Dei var ute i mørke skogar, dumme, store og farlege. Vi hadde også Grimm-brørne i bokhylla heime, og maken til bestialske, grusomme og hevngjerrige stemødre, bikkjer og bønder skulle du leite lenge etter. Skremsel frå ende til annan! For ei lita tøtta med blømande fantasi blei det for mykje – ingen var til å lite på.

Dei norske eventyra skreiv eg om i fillete skrivebøker i småskolen, slik at Askeladden kunne ta kontrollen utan å sprette magen på trollet. Men eg skulle bli vaksen før eg skjøna poenget: Dei gamle eventyra – før Disney laga den romantiske versjonen – var ikkje for barn. Dei var for vaksne, for at vi skal kjenne att trolla når vi ser dei, og jage dei ut i sola til dei sprekk.

Mobbing, seksuell trakassering, maktmisbruk, fæle troll som dessverre stadig blir flaska opp og fødd fram, i dei beste familiar, i dei finaste bygder. Det er mange ting å skylde på. Det er som regel noko galt med den som blir mobba, ho er for lite slik og for mykje sånn. Det er alltids noko med den som får uønskja seksuell merksemd, han er for mykje sånn og for lite slik. Og makt kan en alltid bruke mot den som ikkje kan, evner eller har vett til å seie frå.

Men det er her vi må kjenne att trollet: Det er alltid galt å mobbe, trakassere eller misbruke makt. Alltid. Uavhengig av korleis offeret er eller ikkje er. Og som regel kjem sanninga fram til slutt. Men det er ofte lenge etter at det er gjort stor skade. Dårleg helse, tap av jobb og omdømme. Både for «vinnar» og «tapar».

Trolla må jagast ut i lyset: dei som blir mobba og trakassert må seie frå. Og dei som ser på må bli med på jakta, ikkje berre hoste i lovotten og meine at det må gå an å bli kalla #&%*&¤% utan å bli så snurt… Tenk kor mange potensielle tafsarar som ville halde seg på matta dersom dei visste at jentene og gutane varsla med ein gong og ikkje skamma seg slik over tafsinga at dei heldt det for seg sjølv. Tenk kor mange mobbarar som ville skjerpe seg dersom dei visste at offeret sa frå, og lærar og rektor reagerte. Tenk kor mange som ville behandle folk skikkeleg om dei visste og forstod at vi ikkje finn oss i overgrep, at vi seier frå.

Få trolla ut i sollyset – til dei sprekk.

Facebook Kommentar