Til øyfolket i Nordland

Vi i Bolga Grendeutvalg, BGU, har komme fram til at eit samarbeid mellom alle øyane på kysten vil vere nyttig og nødvendig i tida framover.

Den største utfordringa vi står ovanfor i dag er samferdselsaka om sjøvegen vår. BGU fryktar at dersom ikkje øyane og kystfolket i Nordland samarbeider og sender inn ei felles klage på nedleggingane av båt og ferjeruter langs kysten, så vil vi etterkvart bli sett opp imot einannan.

Diskusjonen vil bli om kven som treng båtane mest. Den diskusjonen vil vi ikkje ha! Vi er alle,øybuarar og næringsdrivande, avhengig av god kommunikasjon, og eit godt rutenettverk
mellom øy og land, og mellom øy og øy.

Målet for samarbeidet er:
– uendra eller betra rutetilbod på båt og fergerutene langs Nordlandskysten
– betre involvering av øyane – øyfolket kjenner sjølv best sine behov og framtidsplanar
– ruter basert på reelle behov hjå øyfolk og næring etter Fylkesrådets formål i saka:
«Det nye transporttilbudet skal bidra til vekst og utvikling på Nordlandskysten.»

Næringane treng arbeidarar, arbeidarane og deira familiar treng skule, butikk og kommunikasjon! Alt heng ihop. BGU opplever kutta i båt- og fergetraffikken som uansvarlege. Det bekymrar oss at eit
vedtak som vil få så store konsekvenser for heile kysten i Nordland ikkje er betre gjennomtenkt.

Vi krev at vedtaket vert stoppa og at det vert gjort ei revidering/endringssak.
Vi oppmodar med dette grendeutval/bygdelag og næringsdrivande på alle øyane langs Nordlandskysten til å velje kvar sine representantar som kan gå saman for å få stoppa kuttai rutene. Vi treng å samarbeide om ei betre løysing for samferdsel på sjø. Ei løysing som vil gavne alle.

Meld interesse for samarbeid på facebooksida til Hurtigbåtaksjonen: NOK ER NOK! Kampen for båt- og fergetransport langs kysten er i realiteten kampen for øyfolketseksistens. For ei trygg og forutsigbar framtid for øyane våre!

Bolga grendeutvalg, BGU

Facebook Kommentar